Tilbod til bedrifter

Me har som mål å få arbeidstakaren raskt tilbake til best mogeleg funksjon for å redusere sjukefråver og auke trivsel og helse.

40% av alt sjukefråver og 30% av all uføretrygd er forårsaka av akutte og kroniske smerter i nerve-, muskel-, og skjelettsystemet. Forsking utført av SINTEF for NHO i 2010 viste at det kostar ei bedrift i gjennomsnitt 2.600,- kr per dag eller 13.000,- kr per veke (eksklusive lønskostnader) om ein tilsett er vekke frå bedrifta p.g.a. sjukdom.

I menyen til høgre fylgjer ei oversikt over tenestene Voss Kiropaktorkontor tilbyr bedriftar. Om du er interessert i eit eller fleire av desse tiltaka kan du ta kontakt per tlf 56 51 17 55 eller e-post: post@vkk.no.


Erfaringar frå Byggmeister David Gjøstein AS:

I vårt fysiske yrke vert me utsett for mykje belastning på t. d. rygg og nakke. Me erfarar at behandling hjå kiropraktor på Voss kiropraktorkontor er med på å førebyggja fråvær og sjukdom. Det er ei billeg forsikring for at dei tilsette kan yta sitt beste i jobben, i tillegg til å auka personleg komfort og trivsel. Me ynskjer at våre tilsette skal ha det så bra som mogleg."

Barnehagen jun10.JPG

Erfaringar frå Skulestad barnehage:

"Skulestad barnehage hadde Voss kiropraktorkontor som føredragshaldar på eit personalmøte og eit foreldremøte i 2013. Føredraget handla om viktigheita av aktivitet og gode byggjeklossar via næringsrik mat. Me fekk og nokre enkle, gode øvingar for god haldning og for å førebyggja belastningslidingar som kan gjerast dagleg, men som ikkje tek meir enn 2 minutt å gjennomføra. Personalet i Skulestad barnehage var veldig fornøgde med føredraga. Me kan trygt anbefala andre å hyra dei til føredrag. Veldig kjekt og lærerikt."

Erfaringar frå Vekselbanken:

"Banken har i 2012 hatt ein gjennomgang av kontorarbeidsplassane med tanke på førebyggjande tiltak mot belastningsskader. I samråd med Voss Kiropraktorkontor har banken investert i nye skjermarmar til PC, "ståmatter" og "balansestolar" som i kombinasjon med eksisterande heve/senke kontorpultar betrar funksjonaliteten og det fysiske arbeidsmiljøet monaleg. Voss kiropraktorkontor har gjeve gode råd om arbeidsstilling og innspel på øvingar, med individuell oppfølging og tilrettelegging. Dette arbeidet vil verta vidareført i 2013."