På Voss Kiropraktorkontor ynskjer me at du skal få langvarige og gode resultat. Me ynskjer at du skal halde deg bra! Dette krev eit bevisst forhold til førebygging og helsefremjande aktivitetar. 

Førebygging siktar mot å ta kontroll over eiga helse. Det skal vera mogeleg å leike med ungane, utan å tenke på ryggen. Sitta føre PC'en utan hovudverk. Arbeide ein hel dag med god konsentrasjon. Springa, utan å tenka på benhinnebetennelsen.

Dette er mogeleg ved å velga helsefremjande tiltak som er motiverande og tilgjengelige. Kontroll over eiga helse er realistisk, sjølv i travle kvardagar. Det betyr ikkje at du må på helsestudio, det kan vera nok med vanleg fysisk aktivitet og gode vanar. Hugs at først dannar du vanane dine - så dannar vanane dine deg! Dermed er det viktig å ta gode val i denne samanhengen. Litt meir om kiropraktikk, smerter og førebygging finn du i videobiblioteket vårt.

Førebyggande tiltak

Voss Kiropraktorkontor har engasjert seg ein god del i førebyggande arbeid både i skular, barnehagar og bedriftar. Me har halde føredrag og undervist i våre enkle og effektive haldningsøvingar i barnehagane og skulen i Voss kommune, slik at lærarane har kunna nytte denne kunnskapen med borna. Dette vart godt mottatt. Me såg på dette som ein viktig samfunnsdugnad sidan me ser ein stadig auke i muskel-skjelettplager hjå born. Me stiller oss til disposisjon for repitisjon for dei skulane og barnehagane som føler behov for det.

For bedrifter har me ulike løysingar som me tilpassar behovet. Dette kan du lese meir om under bedrifter.