Kiropraktorar på Voss

Velkomen til Voss Kiropraktor­kontor

Klinikken er tilpassa smittevern så me set pris på om de følger rettningslinjene posta ved inngangen og i resepsjonen.
Du kan kontakta oss på tlf 56 51 17 55, e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller via Facebook.

Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 23. november 2021
Pris: 1900,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg.
 21/ september / 2021 / 15:00 – ca19:00

Nybyrjar TRE-kurs vert halde tirsdag 23. november. Me startar kl 15:00 og blir ferdige mellom 19:00 og 20:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige kle og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs. ikkje strømpebukse med fot).

Kurset går over to gon​ger. Dvs. at du kan repetere kurset utan ekstra kostnad innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette tilrår me sterkt at du nyttar deg av, for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.
Kursa vert haldne jamnleg, ved behov/etterspørsel. 
Ta med drikka og litt nista om du føler behov for det. Det vert 30 minutts pause ca. kl. 17:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og informasjon om TRE samt informasjon om TRE for for dei som ynskjer meir.

For å veta meir om kva TRE er sjå her!

Første gong hjå oss – eller lenge sidan?

Om det er første gong du kjem til oss, eller det er over eit år sidan sist, er me takksame for at du fyller ut det skjemaet som høver din situasjon best. Det hjelper oss mykje!