TRE kurs september

Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 21. september 2021
Pris: 1900,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg.
 21/ september / 2021 / 15:00 – ca19:00

 

Neste TRE-kurs vert halde tirsdag 21. september. Me startar kl 15:00 og blir ferdige mellom 19:00 og 20:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige kle og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs. ikkje strømpebukse med fot).

Kurset går over to gon​ger. Dvs. at du kan repetere kurset utan ekstra kostnad innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette tilrår me sterkt at du nyttar deg av, for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.
Kursa vert haldne jamnleg, ved behov/etterspørsel. 
Ta med drikka og litt nista om du føler behov for det. Det vert 30 minutts pause ca. kl. 17:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og informasjon om TRE samt informasjon om TRE for for dei som ynskjer meir.

For å veta meir om kva TRE er sjå her!