56 511 755 post@vkk.no

Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 07.11.2014
Pris: 1700,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg
Kl: 14:00 – ca 18:30

Informasjon om stresshandtering og TRE.

Neste TRE-kurs vert halde onsdag 12 november. Me startar kl 14:00 og blir ferdige mellom 18:00 og 19:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige klær og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs ikkje strømpebukse med fot).

Kurset går over to gonger. Dvs at du kan repetere kurset utan ekstra kostnad innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette anbefalar me sterkt at du nyttar deg av for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.

Kursa vert haldne jamnleg, gjennomsnittleg annakvar månad. Me vekslar på å ha det på onsdags ettermiddag/kveld og lørdag morgon/føremiddag.

Det er servering av kaffi, te og vatn. Ta gjerne med litt niste om du føler behov for det. Det vert 30 min pause ca kl 16:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og noko informasjon om TRE. Dette heftet eksisterer diverre kun på engelsk.