Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 13. september 2022
Pris: 1900,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg.
13/ september / 2022 / 15:00 – ca19:00
Nybyrjar TRE-kurs vert halde tirsdag 13. september. Me startar kl 15:00 og blir ferdige mellom 19:00 og 20:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige kle og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs. ikkje strømpebukse med fot).
Kurset går over to gonger. Dvs. at du kan repetere kurset utan ekstra kostnad innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette tilrår me sterkt at du nyttar deg av, for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.
Kursa vert haldne jamnleg, ved behov/etterspørsel.
Ta med drikka og litt nista om du føler behov for det. Det vert 30 minutts pause ca. kl. 17:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og informasjon om TRE samt informasjon om TRE for for dei som ynskjer meir.
For å veta meir om kva TRE er sjå her!