56 511 755 post@vkk.no

Om oss

Hjem » Om oss

Voss Kiropraktorkontor vart etablert i 1997 av kiropraktorane Siv og Jason. Me starta i Janusgarden. Sidan har me vakse og utvida mot det me ynskjer konseptet vårt skal vera.

No er me ein tverrfagleg kliankk som ynskjer å tilby deg ei god oppleving når du kjem til oss. Fast på klinikken finn du tre kiropraktorar og ein medesinsk sekretær. I tillegg finn du ein fysioterapeut som driv treningsgrupper på kveldstid.

Me tilbyr konsultasjon og behandling hjå kiropraktor. Du kan delta på treningsgrupper med fysioterapeut, få individuell treningsrettleiing, rettleiing til kosthaldsendringar og vere med på stressmeistrings kurs. Me har og spesialkurs innimellom som er retta mot spesefikke aktivitetar som t.d. ski eller paddling. Alle kursa våre blir annonsert på klinikken, på denne nettsida under «Nyhende» og på FB sida vår.

Me har godt samarbeid med andre helseaktørar og klinikkar på Voss og i områda rundt.

Alle tre kiropraktorar er medlem av NKF (Norsk Kiropraktorforening).

Norunn
Gjerald Tolås

Resepsjon / Admininistrasjon

Norunn Gjerald Tolås er oppvakse på Voss. Ho er utdanna hjelpepleiar ved Rogne vgs og flytta til Bergen og jobba på sjukeheim der. Ho var ferdig utdanna medisinsk sekretær i 2008. Ho jobba deretter ved Haukeland Universitetssjukehus før ho flytta heim igjen og jobba ved Voss sjukehus, begge stader som medisinsk sekretær. Etter barselpermisjon i 2010 har ho jobba både som hjelpepleiar og medisinsk sekretær. Norunn byrja ved Voss Kiropaktorkontor som kontormedarbeidar i januar 2013 og har fullført kurs som kiropraktorassistent. 

Norunn er no ute i svangerskapspermisjon til november 2017.

Marit Tyssedal

Resepsjon / Admininistrasjon

Marit Tyssedal jobbar som vikar for Norunn i resepsjonen og som personleg trenar for å lage treningsprogram til dei som ynskjer det. Ho er utdanna i militæret med befalutdanning og har ein B.A i idrett og ein B.A. innan leiing og organisasjonsutvikling. I tillegg har ho ei sterk interesse for Brasiliansk Jiu-Jitsu.

Jason Shields

Kiropraktor

Jason Shields er oppvakse i USA og i Italia. Han har ei bachelors grad i bilologi i tillegg til utdanning som kiropraktor. Han hadde også ei særleg interesse i naturmedisin og har lært om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India.
Kiropraktikk valde han grunna si interesse i idrett og natur samt at far hans også er kiropraktor. Han hadde turnustenesta si delvis på Hønefoss og delvis i Bergen. Etter han var ferdig med turnustida fortsatte han i Bergen. Han byrja etterkvart praksis på Voss saman med ektefelle, Siv. Sidan har han viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livstil. Sidan 2012 har han og leia Voss sin klubb i Barsiliansk Jiu Jitsu som held til på treningsloftet vårt. Her er linken til Facebook sida deira.

Siv Jøssang Shields

Kiropraktor

Siv Jøssang Shields er oppvakse på Voss. Ho reiste til USA og utdanna seg med ein bachelorsgrad i biologi og ei master grad i fysiologi. Under mastergradstudiet dreiv ho med forsking på kreft i hud og tarm. Ho hadde også ei særleg interesse for naturmedisin og lærte i denne perioden om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India. Etter å ha hatt personleg erfaring som pasient hjå kiropraktor gjorde dette at ho endra retning og byrja kiropraktorutdanninga. Etter endt utdanning i ’96 hadde ho turnusteneste på Stathelle utanfor Porsgrunn og kom til Voss i nov ’97. Sidan har ho viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livsstil. Siv held og kurs i stressmeistring ved klinikken. Sjå » Stressmeistring» i menyen til venstre for meir informasjon. Siv var lenge involvert i faget via Norsk Kiropraktorforening der ho sat i sentralstyret frå 2009 til 2013, og i redaksjonen for kiropraktoren sitt fagblad «Columna». I to år var ho også leiar for etterutdanninga i Norsk Kiropraktorforening med ansvar for kursaktiviteten i foreninga.

Pål Kristian Lindseth

Kiropraktor

Pål Kristian Lindseth er oppvakse i Bergen. Han flytta til Voss i 1997 for å starte på idrettslinja på Voss gymnas med ski som idrettsgrein. Etter vidaregåande vart han verande på Voss for å kunne halda på med friluftsinteressene sine.
Pål Kristian har stått aktivt på ski og har 14 års erfaring som ski- og snowboardinstruktør. Han har også vore på det norske landslaget i elvepadling i ei årrekke, og delteke i fleire EM og VM.
Interessa for kiropraktikk starta etter å ha vore snowboardinstruktør for Jason Shields i 1998. Han flytta til Bournemouth i 2006 for å ta master i kiropraktikk. Etter å ha fullført utdanninga gjennomførte han turnustenesta i Åsane og Nordheimsund. Han er den som utfører rørsleanalyse (FMS) for individuell tilpassing av øvingar. Sjå linken under » Trening» for meir informasjon.

Knut Fløtberget

Fysioterapeut

Knut Fløtberget er utdanna i Tyskland og har lang yrkeserfaring. Hjå oss er han ansvarleg for ​trening på treningsloftet med grupper to kveldar i veka.

Tverrangerhuset

«Det var i 1890 byggmeister Knut Kvåle kjøpte eit jordstykke bak stallane av Prestegarden, og sette opp 2 2-høgda verkstadbygningar. Desse vart bygde saman i vestre enden. I denne bygningen vart det innreidd snikkarverkstad som Kvåle sjølv dreiv. Kvåle dreiv snikkarverkstad til han døydde i 1909. Verkstaden vart verande i familien. Sonen Nils tok over då han var vaksen, satsa stort og gjekk konkurs. Meieriet kjøpte no eigedomane.

Ivar A. Lydvo kjøpte huset av Meieriet i 1923. Han tok til med ski- og snikkarverkstad som han dreiv utover i 1930-åra. Sparebanken overtok då bygningen.

Etter bombing og brann i 1940 var mange verksemder huslause. Slik var det også med firmaet Bryn & Tveranger. Knut E. Bryn og Peter P. Tveranger hadde frå 1915 drive møbelfabrikk og møbelhandel ved hovudgata i Lekvemoen. Dei vende seg i 1940 til banken, og fekk kjøpa bygningen her som då hadde stått tom i 2-3 år.

Nokre mindre endringar vart gjort med huset, mellom anna vart det bygt varemottak med vareheis i austgavlen. Bryn & Tveranger dreiv ilag til 1951. Då vart fabrikk og handel skilt frå einannan, og eigarane tok over kvar sin del. P. Tveranger overtok fabrikken og bygningen her, men døydde same året. Sonen Anders tok dåover drifta etter faren. Verkstaden hadde på denne tida 6 tilsette. Han dreiv så vidare med allsidig møbelproduksjon fram til 1973/74, då verkstaden vart nedlagd.

Tveranger-familien har sidan leigt ut bygningen. Sonen Jan er eigar frå 1995. Vangen Elektriske starta opp i huset i 1977, og var eigentleg leigetakarar fram til 1990, sjølv om dei i 1981 hadde flytta inn i nytt bygg på Lid. Sist i 1980-åra starta Bunadsloftet opp i 2.høgda, og noko seinare Kari Bye med smykke-produksjon. Mykje av 1990-åra har Vestlandske Brukthandel leigt fyrste høgda.

Etter at møbelfabrikken la ned, er det gjort noko innreiingsarbeid i huset. Elles er alt uendra, med unnatak av at veggene mot jernbanen måtte kledast med stålplater før opninga av Bergensbanen i 1909.»

– Tekst og bilete over er henta frå boka «Førkrigshus på Vangen» av Gunnar Hemre Ringheim.

Opprustningsprosessen

Me overtok Tverrangerhuset i april 2003 og opprustninga starta i august same året. Alt utvendig måtte godkjennast av fylkesantikvaren sidan det er eit verna bygg. Me hadde likevel som mål å bevara det me kunne, ikkje berre utvendig, men også inne.

Me fann mykje gamalt verktøy og ulikt utstyr i form av gamle maskiner. Noko var så øydelagd at det måtte hivast, men det aller meste er teken vare på. Noko av maskineriet vart levert til Mølstertunet. Alt verktøyet har me bevart og hovudakslinga samt bandsaga står der det var opprinneleg.

Me møtte sjølvsagt på ein del utfordringar på vegen. Då er det viktig å ha gode medarbeidarar. Me utvikla eit nært og godt samarbeid med arkitekt Knut Myklebust og tømrar David Gjøstein. Snikkarane til David tok på seg arbeid som ein ikkje utan vidare tek som ei selvfølge at ein snikkar skal gjere – serleg då det var meir enn ein gong ekte «dritt arbeid» stod på menyen. Det var aldri snakk om å bli stogga av problem. Me fekk alltid presentert fleire ulike løysingar å velge mellom. Alltid positive og inspirerande.

Snikkarane var Odd Arild Kyte, Knut Kvarekvål, Johannes Appelthun, Nedkvitne, Ørjan Knapstad og Croock. Eletrikarar Arnstein Stue og Ørjan fann mange kreative løysingar.

Hordaland «Byggningen var så skakk at den berre var interessant for kiropraktorar….»

Offisiell opning

Den offisielle opninga var 29.04.2004. Det var både ein gledens og sorgens dag. Ein av våre høgt verdsatte snikkrar Johannes Appelthun, døydde brått og uventa og vart gravlagd same dag klinikken opna. Johannes var alltid i godt humør og satte æra si på å gjere kvalitetsarbeid. Han er savna av alle og vil alltid vera ein spesiell del av huset.

Det var også ein gledens dag. Her såg me enden på eit langt prosjekt som allerede hadde gjeve oss mykje. Sjølve opprustningtida hadde faktisk vore så inspirerande at på ein merkeleg måte var det også litt trist at den var over.

No skulle me ta i bruk dette lokalet til å hjelpe folk med mange ulike plager, og me håpar me hadde greidd å lage klinikken imøtekomande. Me ynskte at alle skulle føla seg velkomen når dei kom.
 

Bilete frå opprustningsprosjektet er å finna den dag i dag på venterommet for dei som har interesse for gamle hus.