56 511 755 post@vkk.no

Neste TRE-kurs vert halde lørdag 07 november. Me startar kl 09:00 og blir ferdige mellom 13:00 og 14:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige klær og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs ikkje strømpebukse med fot).

Kurset går over to gon​ger. Dvs at du kan repetere kurset utan ekstra kostnad innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette anbefalar me sterkt at du nyttar deg av for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.

Kursa vert haldne jamnleg, gjennomsnittleg annakvar månad. Me vekslar på å ha det på onsdags ettermiddag/kveld og lørdag morgon/føremiddag.

Det er servering av kaffi, te og vatn. Ta gjerne med litt niste om du føler behov for det. Det vert 30 min pause ca kl 11:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og  informasjon om TRE. Dette heftet eksisterer diverre kun på engelsk.