56 511 755 post@vkk.no

Funksjonell Analyse

Hjem » Våre Tenester » Funksjonell Analyse

Funksjonell Analyse

Funksjonell rørsleanalyse (Functional Movement Screen, FMS) er eit system som vert nytta til å evaluera kvaliteten på eit rørslemønster. Eit rørslemønster er måten du bevegar kroppen din på. Kvar enkelt person har sitt eige rørslemønster; nokon mønster er funksjonelle og fungerer bra for deg, medan andre kan gjera deg meir utsett for skade, auka muskelspenning og svakheit.

Funksjonell rørsleanalyse vart utvikla for å kunna måla balanse, stabilitet og mobilitet. Systemet fungerar ved å gjennomføra sju rørsler/øvingar der svakheiter og asymmetriar/ubalansar kan verta observert og målt.
Basert på denne testen får du øvingar som er tilpassa deg i dei områda du har mista styrke. Øvingane filmar du med mobilen din slik at du alltid kan vere sikker på at du gjer dei rett.
Det er kiropraktor Pål Lindseth som utfører analysen.

Korleis kan FMS førebygga skadar?

Føremålet med testen er å identifisera asymmetriar eller forskjellar i funksjon frå side til side. Den største årsaka til skadar er asymmetri i rørslemønster, styrke eller fleksibilitet.
Om desse sju rørslene/testane ikkje kan utførast utan smerte, bør du bli undersøkt av ein kiropraktor slik at du kan få hjelp.
Når asymmetri er identifisert kan ein ved hjelp av øvingar, evt kiropraktisk behandling, reparera problemet og førebyggja sjansen for skadar.
Det er mykje rimelegare og tidsparande å førebyggja skadar enn å rehabilitera etter at skade har oppstått.