56 511 755 post@vkk.no

Gruppetrening

Hjem » Våre Tenester » Gruppetrening

Gruppetrening

Voss kiropraktorkontor tilbyr trening i grupper med fysioterapeut Knut Fløtberget. Gruppene er små, maksimum ti personar, slik at alle får personleg oppfylgjing og merksemd frå Knut. Han legg stor vekt på kvaliteten i sjølve rørsla og rettleiar deg så du gjer øvingane rett. Slik får du ei trygg, effektiv og motiverande trening. Treningane han set saman er varierte og dekker heile kroppen for kondisjon, koordinasjon, styrke og stabilitet.

Han har grupper måndag og torsdag kveld. Du kan trene ein eller begge dagar i veka . Kontakt oss om du er interessert i å vere med.