56 511 755 post@vkk.no

Inbody skanning

Hjem » Våre Tenester » Inbody skanning

Inbody skanning

Kva måler InBody?

 Ta helseval basert på ein vitenskapeleg utprøvd analyse! Finn ut korleis kroppen din er satt saman slik at du lettare kan velge rett! Når du veit kor du er, er det lettare å finna ut kva retning du skal gå, ikkje la tilfeldighetane ta valet for deg.

InBody er eit avansert instrument som måler komposisjonen av kroppen din. Kor mykje protein (skjelett musklar), kor mykje vatn, kor mykje feitt, kor mykje mineralar (bein). Den måler òg korleis komposisjonen av musklar, feitt og vatn er fordelt i kroppen. 

Den gjev oss informasjon om det er ein ubalanse i fordeling av muskelmengde i ulike delar av kroppen. Dette hjelper deg å sjå kor du treng å auke muskelmassen din mest. 

Den måler vatnet i kroppen, både inni og utanfor cellene dine. Dette kan gje oss ein peikepinn på om du har hevelse (ødem) og betennelse (inflammasjon) i kroppen. 

Den viser den faktiske feittprosenten din og korleis feittet er fordelt i kroppen. Den viser òg BMI til samanlikning (BMI er berre ei unøyaktig berekning). Den viser kor forbrenninga di ligg ved kvile.

 Kvifor InBody?

 Mange er opptatt av vekt, men det er samansettinga, og den fysiske tilstanden på kroppen som er avgjerande for god helse. Med eit testresultat frå InBody vil du sjå nøyaktige målingar av kroppssamansettinga di.

Målinga virkar motiverende i treningssamanheng. Du får sjå detaljar om endringane, om treninga er effektiv og tek deg i den retninga du ynskjer og treng for god helse, eller for betring av prestasjon. Du ser om treninga gjev deg musklar i dei områda du treng å bygge. Du ser om muskelsymmetri bygger seg opp etter ein eventuell skade.

InBody målinga kan og virke motiverande i ein vektreduksjonsprosess og hjelper deg å sjå om prosessen går i rett retning. InBody måler feittnivå i ulike kroppsdelar og viser mengde  viceralt feitt, det innvendige feittet i mageregionen som er svært helsebelastande og som ein gjerne vil ha særleg kontroll på.

InBody målinga kan og gje oss informasjon om mineralnivået i kroppen og ein peikepinn på om du bør sjekkast for beinskjørhet.

 I dag er InBody i bruk på sjukehus, i forskningssenter, på universitet, for toppidrettsutøvarar, i treningssenter, i fedmeklinikkar, hjå fysioterapeutar og hjå kosthaldsvegleiarar. 

 

Korleis virkar InBody? 

 Svake elektriske signal blir sendt gjennom kroppen via 8 punkts elektrodar for å måla kroppssamansettinga. Det blir målt vekt og motstand på kvar kroppsdel direkte, deretter blir verdiane kalkulert for feittfri kroppsvekt, feittprosent osv. Motstand er definert som styrken og farten av det elektriske signalet som blir sendt gjennom kroppen og blir målt i Ohm. Bioelektrisk Motstands Analyse (BMA) er basert på at celler med høgt vanninnhald leiar elektriske signal, medan feittvev hemmar signalstraumen. Jo meir feitt det er i ein kropp, jo høgare motstand.

 

 Viktig før testen 

Testen er ufarleg, men skal ikkje utførast av personar som har pacemaker. Me tek heller ikkje testar av gravide eller barn under 18 år med mindre det er eit tverrfagleg opplegg rundt dette. For at testen skal bli nøyaktig er det viktig å fylgje retninglinjene nedanfor.

 1. Analysen bør ikkje utførast like etter eit måltid

Det skal gå minst to timar etter eit måltid før ein test. Mengda av mat vert rekna som vekt. 

2. Toalettbesøk før analysen
Testpersonen skal ha vore på toalettet før testen. Mengda av urin og avføring vert rekna som vekt. 

3. Unngå trening rett før analysen
Hard trening og raske bevegelser kan gi midlertidige endringa i kroppssammensetning. 

4. Unngå analyse ved menstruasjon
Ved menstruasjon opplever kvinner ofte auke i kroppsvæske som vil påvirke resultata av analysen. 

5. Unngå badstu eller dusj rett før analysen
Analysen må ikkje gjerast rett etter testpersonen har dusja eller tatt badstu då sveitte gjev midlertidige endringar av kroppssamansetting. 

6. Testen blir tatt barbeint
I vinterhalvåret må du unngå strømpebukse (heller ikkje nylon). 

7. Stå stille i 5 minutt før analysen
Om analysen blir utført rett etter ein lengre periode i sittande eller liggande stilling kan det påverke testresultata. Dette er fordi kroppsvæska har ein tendens til å synke til beina når ein person reiser seg. Vent 5 min slik at kroppsveska jamnar seg ut igjen. 

8. Re-testing krev same forutsettingar som forrige test
Nye analysar bør bli utført under same forutsettingar som fyrste gong for å gje nøyaktige resultatforutsettingar. 

Sjå nettkart på bodyanalyse.no for meir informasjon. 

Følg utviklingen din! 

 Kroppsanalyse.no er ei gratis teneste utvikla av InBody der du kan legge inn testresultata dine. Appen er gratis. På ein tydeleg og oversiktleg måte viser den endringar i testresultata dine etterkvart som du testar deg og legg in resultata.