56 511 755 post@vkk.no

Personleg trening

Hjem » Våre Tenester » Personleg trening

Personleg trening

Korleis veit eg at eg trenar rett? Dette er eit spørsmål me får ofte. No kan du få eit treningsopplegg med full gjennomgang heilt tilpassa deg.

Om du trenar heime eller på studio, om du skal kome i gang for første gong, eller har drive på ei stund og treng oppgradering, vidare inspirasjon eller finjusteringar, kan me rettleia deg.

Du får time med personleg trenar Marit Tyssedal Gabrielsen som lagar treningsprogram tilpassa kva kroppen di treng og kva treningsforhold du har. Om du trenar heime kan ho gi deg eit effektivt opplegg med enkle hjelpemiddel, og trenar du på studio kan ho laga eit program tilpassa det. Ho viser deg korleis du gjer øvingane som du får med deg på eit skjema. Skjema inneheld og ein kode som gir tilgang på video av øvingane i tilfelle du treng ei påminning.

For deg som er erfaren innan styrketrening kan ho bidra på to måtar. Ho kan hjelpa med å finjustera stillingar som kan gi feilbelasting og dermed førebygga problem som kan koma over tid, og dei detalj- justeringane som gjer deg endå betre.

Me anbefalar at du får ein oppfølgingstime etter maksimum tre månadar slik at Marit kan gjera tilpassingar i forhold til framgangen du gjer. Dette er og ein god motivasjon til å halda på treningsrutinane.

Du kan ta kontakt med Marit i resepsjonen eller snakka med kiropraktoren din. Marit kommuniserer med kiropraktoren om det skal vera ein spesiell fokus på treninga di.

Marit er ein personleg trenar som lever og åndar for faget sitt. Ho trenar sjølv styrke regelmessig, men lidenskapen er Brasiliansk Jiu Jitsu der ho konkurrerer internasjonalt. Ho har og kompetanse på tolking av resultat på InBody skanningen som viser korleis kroppen er samansett. Denne kan gi endå meir forståelse og dybde i korleis din kropp bør trenast, samt ein nyttig innsikt i deler av helsa di.