Personvernerklæring for Voss Kiropraktorkontor AS

Voss Kiropraktorkontor AS (VKK) følgjer personvernforordninga, General Data Protection Regulation (GDPR).

Denne personvernerklæringa fortel om korleis VKK samlar inn og brukar personopplysningar, og gir ei oversikt over kva som skjer med dine personopplysningar når du besøker nettsida vår eller registrerer deg som klient i klinikken.

Personopplysningar er informasjon som kan knytast til ein identifiserbar enkeltperson, til dømes namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og IP-adresse.

VKK, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettsida vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18, 1. ledd).

Handsaming av personopplysningar på vosskiropraktorkontor.no

Hireabid.com har det daglege ansvaret for VKK sin handsaming av personopplysningar på www.beige-cattle-665506.hostingersite.com, med mindre anna er oppgitt under.

Hireabid.com er leverandør for utvikling og vedlikehald av nettsida, og Hostinger er driftsleverandør. Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettsida blir lagra på eigne serverar hos leverandøren. Kun VKK, Hireabid.com og Hostinger har tilgang til desse opplysningane. Ein eigen databehandlaravtale mellom VKK og leverandørane regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal handsamast.

Nettstatistikk

VKK samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på nettsida. Opplysningane blir handsama i avidentifisert form. Med avidentifisert meiner vi at opplysningane ikkje kan sporast tilbake til den enkelte brukar. Formålet er å utarbeide statistikk som blir brukt til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettsida. Eksempel på statistikk: kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukaren kjem frå og kva nettlesar som blir brukt.

Vi nyttar analyseverktøyet Google Analytics på nettsida. Dette er eit verktøy med open kjeldekode (GPL) installert på eigen server hos driftsleverandør. VKK administrerer informasjonen frå Google Analytics, og informasjonen blir ikkje utlevert til andre aktørar. Verktøyet samlar ikkje inn IP-adresser.

For meir informasjon om Google Ads og Google-konverteringssporing, sjå Googles personvernreglar.

Informasjonskapslar (Cookies)

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din når du besøker ein nettside. Lagring og handsaming krev at brukaren er informert og har gitt samtykke.

Følgjande informasjonskapslar blir brukt på www.beige-cattle-665506.hostingersite.com:

  • Vår publiseringsløysing (WordPress) plasserer ein session-cookie (midlertidig informasjonskapsel) som slettast automatisk når du går ut av nettsida.

Du kan stille inn nettlesaren din til å informere om bruk av informasjonskapslar, godta eller avvise dei, eller slette dei automatisk når nettlesaren blir lukka. Deaktivering kan påverke funksjonaliteten til nettsida.

Slik administrerer du informasjonskapslar – nettvett.no

Marknadsføring og sosiale medium

VKK sender ikkje ut nyheitsbrev.

Vi ønskjer å vere tilgjengelege på sosiale medium, til dømes Facebook, for å gjere våre tenester, kontaktinformasjon og opningstider tilgjengelege for kundar og potensielle kundar.

Dersom du ønskjer å ta kontakt via sosiale medium, oppmodar vi til å ikkje dele sensitive personopplysningar. For spørsmål som inneheld sensitive helseopplysningar, kontakt klinikken per telefon.

Deling av innlegg

Når du deler innlegg, blir informasjon lagt til hos det valde nettsamfunnet. Korleis dei handsamar data vidare reguleres av avtalen din med nettsamfunnet. VKK lagrar ikkje informasjon om deling.

Publisering av bilete og video

Bilete og video teke for VKK er eigedom til VKK. Det blir innhenta skriftleg samtykke frå personane på bileta. Samtykke kan til ei kvar tid trekkast tilbake. Kontakt oss på tlf. 56511755 eller e-post post@vkk.no for å få bilete/video sletta frå nettsida og sosiale medium.

Pasienthistorier

Ved publisering av pasienthistorier blir det innhenta skriftleg samtykke på førehand. Samtykket kan trekkast tilbake når som helst. Kontakt tlf. 56511755 eller post@vkk.no for å få historia sletta.

Journalprogram og arkivsystem

VKK nyttar Physica som journalprogram, ein GDPR-godkjent leverandør med databehandlaravtale. Data blir lagra på skybaserte løysingar gjennom Physica.

Førstegangsskjema

Ved første besøk blir pasienten bedt om å fylle ut eit førstegangsskjema med personopplysningar og kontaktinformasjon:

  • Personnummer og adresse treng vi for å opprette journal.
  • Adresse treng vi for fakturering.
  • E-postadresse er frivillig og basert på samtykke (timebestilling, øvingar).

Opplysningane blir lagra i journalsystemet og arkivert saman med andre dokument du gir til behandler (t.d. svar på billeddiagnostikk, henvisning). Informasjon om helse blir registrert for å yte forsvarlege helsetenester. Oppbevaring skjer etter arkivlova, med dobbel lås.

Kommunikasjon med fastlege/spesialist

Med ditt samtykke kan behandler hos VKK hente informasjon frå fastlege eller røntgeninstitutt for å kunne yte forsvarlege helsetenester.

Sletting av informasjon

Som helsepersonell har VKK dokumentasjonsplikt jf. pasientjournallova. Historikk over kjøp og journalpliktig informasjon kan ikkje slettast. All anna informasjon har du rett til innsyn i og kan krevje sletta.

Telefon og e-post

VKK brukar telefonnummer til å kontakte deg om avtalar, faktura eller forsikring. Alle autoriserte helsepersonell har taushetsplikt. I intern e-post blir sensitive opplysningar ikkje sendt ukryptert. Telefonsamtalar loggast anonymisert og slettast etter eitt år.

Opplysningar om tilsette

VKK handsamar personopplysningar om tilsette for lønn og personalansvar, i samsvar med personopplysningslova. Det blir registrert nødvendig informasjon som grunndata, lønn, tidsregistrering, skatteprosent, fagforening og nøkkeladministrasjon. Opplysningane blir berre utlevert der lov krev det.

Rettar

Alle har rett til informasjon om handsaming av personopplysningar jf. personopplysningslova § 18.

Du har rett til innsyn, og kan be om retting, sletting eller supplering av uriktige eller ufullstendige opplysningar. Krav blir besvart kostnadsfritt innan 30 dagar.

Kontakt

Dagleg leiar: Siv Jøssang Shields

Styreleiar: Siv Jøssang Shields

Postadresse: Boks 546, 5703 Voss

Sist oppdatert: Januar 2026

© Voss Kiropraktorkontor 2025

Webdesign Hireabid.com