Hjå oss møter du dyktige og erfarne kiropraktorar i ein godt utstyrt klinikk. Me gjer ei grundig undersøking, gir effektiv behandling og personlege råd for betre helse og bevegelse. I tillegg tilbyr me både personleg trenar og gruppetrening for tilpassa trening, rehabilitering og førebygging.
Nå oss på:
★★★★★
Eg har gått til kiropraktorbehandling i mange år, ved Voss Kiropraktorkontor. Det er svært bra vedlikehald for meg i ein travel kvardag og i livets ulike fasar.
Oppstår det ein akutt situasjon, er det og så god hjelp å få. Kan varmt anbefalast.
★★★★★
Eg vil med dette varmt anbefale Voss Kiropraktorkontor til alle som søkjer profesjonell behandling i trygge og behagelege omgjevnader. Kontoret utmerkjer seg med ein roleg og god atmosfære som gjev ein kjensle av ro frå første stund.
Kiropraktorane ved kontoret er særs dyktige og fagleg sterke, med ei evne til å møte kvar pasient med respekt, innsikt og individuell tilpassing. Deira kompetanse og omsorgsfulle tilnærming gjer at ein kjenner seg godt ivaretatt gjennom heile behandlingsforløpet.
Når ein kjem inn døra vert ein møtt av ei hyggeleg og smilande resepsjonist som sørgjer for at alle føler seg velkomne. Heile teamet ved kontoret bidreg til ei profesjonell og tillitsvekkande oppleving.
Eg har gått fast til behandling hjå Kiropraktor Siv Jøssang shields, og den behandlinga eg har fått hjå ho har gjort kroppen min meir bevegelig, gitt meg mindre smerte og generelt auka min livskvalitet.
Voss Kiropraktorkontor er eit naturleg val for deg som ønskjer kvalitet, tryggleik og fagleg kompetanse innan kiropraktisk behandling.
★★★★★
Eg har brukt Voss kiropraktorkontor jevnleg. Frå ein kjem inn døra til behandlnga er ferdig, opplever eg alltid at eg er godt motteken. Ryddig og profesjonell på alle måtar. Og det viktigaste, behandlinga hjelper.
Dette har gjort at eg kan væra så aktiv som eg ynskjer, og ikkje minst fungera optimalt på jobb, trening og i heimen.
Eg kjem til å bruka Voss kiropraktorkontor også framover. Vert sterkt anbefalt.
I nokon tilfelle kan vidare utredning med røntgen, MR eller ultralyd vere naudsynt for å få eit fullstendig bilete av tilstanden, slik at behandlingsplanen og blir nøye tilpassa deg. Røntgen kan ofte takast hjå oss på klinikken der kiropraktoren går gjennom bileta saman med deg direkte.
Dersom det er naudsynt, kan kiropraktoren sjukemelde deg i inntil 12 veker eller henvise til legespesialist for vidare vurdering og eventuell kirurgi.
Basert på undersøkinga utarbeidar kiropraktoren ein personleg tilpassa behandlingsplan. Du får konkrete råd om kva du sjølv kan gjere for å styrke resultatet, inkludert øvingar, trening og tips for kvardagen. Alle funn blir gjennomgått saman med deg, og du får svar på alle spørsmål undervegs.
Med oss får du fagleg tryggleik basert på 30 års klinisk erfaring, individuell oppfølging og praktiske verktøy for å lindra smerte, auke funksjon og få betre kvardag.
Møt teamet ved Voss Kiropraktorkontor. Vi kombinerer lang erfaring, tverrfagleg kompetanse og eit sterkt fokus på individuell oppfølging.
Kiropraktor • Idrettsskader & prestasjonsforbetring
Jason Shields er oppvaksen i USA og Italia, og har ei bachelorgrad i biologi i tillegg til utdanning som kiropraktor. Han valde kiropraktikk grunna interessa si for idrett, helse og natur, og var inspirert av far sin som òg er kiropraktor. Interesse for naturmedisin førte han innom Ayurveda, den tradisjonelle indiske medisinen.
Jason Shields er oppvaksen i USA og Italia, og har ei bachelorgrad i biologi i tillegg til utdanning som kiropraktor. Han valde kiropraktikk grunna interessa si for idrett, helse og natur, og var inspirert av far sin som òg er kiropraktor. Interesse for naturmedisin førte han innom Ayurveda, den tradisjonelle indiske medisinen.
Turnusten gjennomførte han på Hønefoss og i Bergen. Deretter arbeida han vidare i Bergen og Lærdal før han starta praksis på Voss saman med ektefellen, Siv. Sidan har han vidareutdanna seg innan ulike område av kiropraktikk, helse og livsstil.
Frå 2012 har Jason òg leia og utvikla Voss sin klubb i Brasiliansk Jiu Jitsu, som held til på treningsloftet vårt. Jason starta som kiropraktor i 1996 og har dermed lang erfaring. Han har særleg interesse for idrettsskader og prestasjonsforbetring.
Kiropraktor • Stress, traume & stressmeistring
Siv Jøssang Shields er oppvaksen på Voss og har ei bachelorgrad i biologi og ei mastergrad i fysiologi frå USA, der ho forska på kreft i hud og tarm. Ho har også ei djup interesse for naturmedisin, og lærte om Ayurveda – tradisjonell indisk medisin. Etter personleg erfaring med kiropraktikk fullførte Siv kiropraktorutdanninga i 1996.
Siv Jøssang Shields er oppvaksen på Voss og har ei bachelorgrad i biologi og ei mastergrad i fysiologi frå USA, der ho forska på kreft i hud og tarm. Ho har også ei djup interesse for naturmedisin, og lærte om Ayurveda – tradisjonell indisk medisin. Etter personleg erfaring med kiropraktikk fullførte Siv kiropraktorutdanninga i 1996.
Siv har òg vore aktiv i Norsk Kiropraktorforening, der ho sat i sentralstyret, var med i redaksjonen for fagbladet Columna, og leia etterutdanninga i fleire år med ansvar for kurs og fagleg utvikling.
Ho har særs stor interesse for kva stress og spenning gjer med helsa vår og vidareutdanna seg innan stress, traume og stressmeistring. Ho held kurs i stresshåndtering og indre bærekraft ved klinikken.
Kiropraktor • Hjernerystelse & individuell oppfølging
Eirik Kløve-Graue Gabrielsen blei fyrst kjend med kiropraktikk då han som tenåring fekk behandling av Jason etter ein treningsskade. Dette tente interessa hans, og han har sidan gått i mentorskap hjå Jason og Siv.
Eirik Kløve-Graue Gabrielsen blei fyrst kjend med kiropraktikk då han som tenåring fekk behandling av Jason etter ein treningsskade. Dette tente interessa hans, og han har sidan gått i mentorskap hjå Jason og Siv.
Eirik har ei Bachelor i Health Science frå Bournemouth University (2017) og Master i Kiropraktikk frå AECC University College (2019). Han har òg bakgrunn som personleg trenar.
Som den einaste kiropraktoren i Vestland har han sertifisering i utredning og behandling av akutt og kronisk hjernerystelse. Han har erfaring med tilpassing av innleggssålar og behandling med trykkbølge, og tilbyr skreddarsydd oppfølging tilpassa kvar pasient.
Resepsjonist
Marit Tyssedal Gabrielsen er vår kjære resepsjonist og har vore hjå oss sidan 2016. Ho er den fyrste du møter – enten du tek kontakt med oss eller kjem inn døra.
Marit Tyssedal Gabrielsen er vår kjære resepsjonist og har vore hjå oss sidan 2016. Ho er den fyrste du møter – enten du tek kontakt med oss eller kjem inn døra.
Marit hjelper deg med all informasjon om kva me tilbyr, forsikringar og praktiske spørsmål. Dersom bedrifta di ynskjer å inngå bedriftsavtale, er det henne du snakkar med.
Personleg trenar
Rutger Custers er vår personlege trenar. Han tilrettelegg treningsprogram i samarbeid med kiropraktor, og lager både heimeprogram og program for treningsstudio, tilpassa behov og mål for kvar klient.
Fysioterapeut • Gruppetrener
Knut Fløtberget er fysioterapeut og har lang erfaring innan rehabilitering og trening. Han er utdanna i Tyskland og har arbeid både i kommune og privat praksis. Sidan 2008 har han hatt ansvar for gruppetrening på treningsloftet vårt, to kveldar i veka.
Dersom du er ny pasient, har ein ny skade, eller det har gått meir enn eit år sidan du sist var hos oss, fyll ut skjemaet du finn nedanfor. Vel det som passar for deg og situasjonen din.
Om du ikkje har moglegheit til å fylle ut skjemaet på førehand, vennlegast møt 15 minutt før timen slik at me kan gå gjennom nødvendig informasjon.
Tips: Dersom skjemaet er langt, kan du sende det elektronisk før timen eller møte 15 minutt tidlegare for å fylle det ut her.
Hjå Voss Kiropraktorkontor meiner me at små grep i kvardagen kan ha stor betydning for livet du lever. Difor vil me gi deg eit enkelt verktøy du kan bruke når du har eit minutt eller to til overs.
God kroppshaldning gir mange fordelar:
Her finn du ein kort og enkel serie med daglege øvingar som styrkar god haldning. Dei tek maks 2 minutt per gong – om du er sterk nok, 15–30 sekund per øving med full kraft.
Her finn du og mange gode råd for kva du kan gjere sjølv og om førebygging av plager.
Avbestilling dagen før.
Forsikringspasientar må varsla oss på førehand om forsikringen skal dekka behandlingen.
Mandag 7-11
Tysdag 7-11 og 13-16
Onsdag 8-12
Torsdag 7-11 og 13-15
Fredag 7-11 og 13-16
Stallgata 10
Voss
Postadresse:
Boks 543
5703 Voss